Tysdag kveld i bydel Marka
Ingen skal skulde Lesbisk Turlag for falsk marknadsføring; om fullmånen uteblir frå fullmåneskitur, blir det hovudlyktskitur istaden. Like romantisk, nesten, i alle fall.

Tekst: Vigdis Thoengen
Det var nesten ikkje måte på kor fråverande månen var over Lillomarka denne tysdagskvelden tidleg i februar. I staden sørgde eit tynt tåkelag over toppane for at skogen framsto trolsk og rima og snøtung, så noko var i alle høve som det skulle.
Ein kort togtur til Movatn, og vips er ein i hjartet av bydel Marka. Her utfaldar livet seg i skjæret av hovudlykter, dei fleste i Birken-tempo; me var på anorakktur og tok det noko rolegare. Frå Snippen bar det jamnt oppover til Sinober. Litt nedanfor hytta fann me rasteplass i kanten av eit attgrodd og nedsnødd vatn, og snart flamma eit flott spleiselag av eit bål. For å sikre romantikken hadde turleiar Jorun sørgd for faklar i tillegg. Det kan jo berre ikkje slå feil.
Termos, ostesmørbrød, sjokolade; nokon hadde gløymt akevitten, det fekk ikkje hjelpe; koseleg var det, heilt til det plutseleg vart kaldt, og då gjekk me heim att. Strake vegen til Kjelsås og der omkring.
Dei som prioriterte naturen framfor Ut i Naturen denne tysdagen, var:
Eli, Etti, Eva, Jorun, Linda, Nima, Rine, Vigdis