• strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_attach_plugin_display_node_content::options_submit() should be compatible with views_plugin_display::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views_attach/views_attach_plugin_display_node_content.inc on line 7.
  • strict warning: Declaration of views_handler_argument::init() should be compatible with views_handler::init(&$view, $options) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_argument.inc on line 32.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_validate() should be compatible with views_handler::options_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 26.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_submit() should be compatible with views_handler::options_submit($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 26.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_validate() should be compatible with views_plugin::options_validate(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 24.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_submit() should be compatible with views_plugin::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 24.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_style_default::options() should be compatible with views_object::options() in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_style_default.inc on line 13.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of date_api_filter_handler::value_validate() should be compatible with views_handler_filter::value_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/includes/date_api_filter_handler.inc on line 15.
  • strict warning: Only variables should be passed by reference in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/date_api.module on line 866.

Folgefonna på langs, 13. – 16. mai

Etter mange mai-turar på Sognefjellet var Lesbisk Turlag klare for å prøve ut skiene endå lengre vest, så langt vest som det er skiføre i mai!

Vestlandske fjell og fjordar krev mange ulike transportmiddel, så turoperatør Kirsti i Norvis var hyra inn som praktisk arrangør av turen. Medan Folgefonni Breførarlag skulle lose oss trygt over både Nord- og Sørfonna.

Surt og kaldt var det torsdagsmorgon då ni damer pluss sjåfør Kirsti stua sekker, ski og mat i bil og tilhengar. Turen gjekk frå aust til vest, frå flatland til fjell og ned til vakre Hardangerfjorden. Ei reise verd i seg sjølv. Og vi måtte stadig vekk slå fast at det vi såg ikkje var noko mindre enn ” eit lite stykke Noreg”. Som ekte skilauparar minnest vi Sondre Norheim med eit lite besøk på museet i Morgedal.

Fornøyde damer på vårskitur
Fornøyde damer på vårskitur. Fra venstre Kirsti, Nina, Ragnhild, Kristin A, Linda, Jorun, Kristin M, Silje og Eva Dagrun. (Foto: brefører Cleng eller Bertin)

Ferje og teip

Låtefoss, industristaden Odda, blømande frukttre, blågrøn fjord, smale vegar, klyngetun, is, bollar og kaffi fekk vi med oss før vi svinga inn på det gamle meieriet i Jondal, der vi skulle ”campere”. Her budde vi praktisk talt på bryggjekanten, og kunne nyte flott utsikt over fjorden og ferjetrafikken. Vi stelte i stand middag og fekk ei kort orientering om turen av leiaren i Breførarlaget. Det er to dryge dagsmarsjar, men vi skal nyte tur og natur i eit roleg tempo. Vi fekk klare åtvaringar om å ta med tilstrekkeleg drikke og å teipe helar med tanke på gnagsår.

Fredagen opprant med småskya ver, som snart gjekk over i skyfri blå maihimmel. Etter ein bratt drosjetur til Folgefonna sommarskisenter (1200 moh) var det ski på beina og feller på skia. Med breførarane Bertin og Cleng la vi i veg opp slalombakken. Etter oppstiging til 1664 moh var vi på toppen av Nordre Folgefonna og verda opna seg. Her hadde vi utsikt i alle retningar og hadde det ikkje vore for lågt skydekke lenger ute ved kysten hadde vi sett Nordsjøen i all sin prakt. Men det vi såg var bra. Og der framme bretta sjølvaste Sørfonna seg ut, som vi skulle skli over dagen etter.

Vi beundrer renna vi gikk ned.
Vi beundrer renna vi gikk ned. Den starter øverst til høyre og skrår ned mot vannet hvor vi tok lunsj 1, dag 1. (Foto: Nina Didriksen)

Plog

Frå Norde Folgefonna var det friske utforkøyringar. Gjennomsnittsalderen og treningsforholda til gjengen tatt i betraktning viste det seg raskt at nedkøyringane var vel så krevjande som oppstigningane. Men vi kom oss både opp og ned. Allereie til lunsj var vi nede på 980 moh, og hadde fått kjend på både lårmuskulatur og plogeteknikk. Etter å tatt oss ned ei litt bratt snørenne i Kvitnadalen, der dei fleste fann det lettast å ta av skiene, kunne vi nyte første matpakke i varm sohelling ved Kvitnavatnet.

Her frå kunne vi nyte oppstigninga til Sør-Fonna som vi hadde i vente. Her måtte vi gå på rekke og rad bak Bertin. Det vart mange høgdemeter opp, men førarane heldt fint og jamnt tempo, tok hyppige drikkepausar, og gjengen var ved godt mot ved matpause to. Vi hadde lange og herlege matpausar, der vi fekk slappa godt av før neste økt. Etter andre pause venta det oss fine slake parti der vi stille og roleg kunne nyte bre, utsikt, sol og lyden av korte og lange feller.

Bre blir til fjell blir til hav. Intet dumt sted for lunsj 1, dag 2
Bre blir til fjell blir til hav. Intet dumt sted for lunsj 1, dag 2. (Foto: Nina Didriksen)

Solnedgang over Fonnabu

Timane gjekk og etter vel 10 timer såg vi Fonnabu høgt og verhardt plassert på eit høgdedrag. Her vi fekk vi den eine hytta for oss sjølve, og i tillegg fantastisk oppdekning av breførarane. Sjeldan har vi ete betre finnbiff og sjokoladekake og aldri har vi fått så god oppdekning på ei ubetent DNT-hytte. Til og med oppvasken tok dei. Slik kunne vi konsentrere oss om innsmøring av fargerike ansikt med feite kremer frå Norvis og inntak av; vindunderpillen Arnica montana mot støle musklar, elektrolyttar for endå meir energi og brun og grøn drikke for sjela.

Hårteig og alpar

Laurdag morgon kl 0500 tørna vi ut til varm havregraut og nydeleg ver. Lyset, utsikta og stemninga denne morgonen er gode minner. Føret viste seg å vere knallbra, og etter ei seig oppstigning var det fram med tørrvoksen og vi kunne nyte skareføret. Her fekk vi brekjensle. Vidda var vid og stor. Hårteigen og Hardangervidda vinka til oss der nede. Vi var på toppen og vi var på fonnetur! Så halla det nedover og vi kunne stå og berre sakte og kontrollert renne nedover og nedover og nedover. Der framme såg vi Rosendalsalpane.

Tannpuss i solnedgang ved Fonnabu
Tannpuss i solnedgang ved Fonnabu. (Foto: Nina Didriksen)

Etter lunsj var det på og av med ski, over knausar og ned skar før vi til slutt kunne gå på ski utover ryggen med namnet Volarusti. Her på 900 moh var skituren over, men enno var det langt igjen. Vi fekk buksert skiene på ryggen, og nedover bar det. Først gjennom stein og ur, og skog og kratt, og deretter på grusveg. Vel framme på kaia i Rosendal kunne vi for dag to bokføre nesten 12 timers tur, 25 km på ski og 9 km til fots og for skrivaren sin del; gele i lår, legger og anklar.

Kirsti hadde sørga for at taxibåten ”Pilagutt” låg og venta på oss i Rosendal. Og dermed kunne vi avslutte ein tur over bre og snø, med 1,5 timers båtcruise på Hardangerfjorden. Og i det vi sette føtene på fast grunn på ”Meierikaia” kjende vi dei første regndråpane. Kirsti har hatt 18 turar over Folgefonna, og har aldri før hatt to så strålande dagar på rad. Kor mykje flaks har ein lov til å ha?

Kjekke karer: Cleng og Bertin fra Folgefonni Breførarlag kjenner breens opp- og nedturer
Kjekke karer: Cleng og Bertin fra Folgefonni Breførarlag kjenner breens opp- og nedturer. (Foto: Nina Didriksen)

Demokratisk dusjing

Båtturen nytta vi mellom anna til å utarbeide køordning for dusjing av 9 damer. Ettersom båtføraren strengt tatt var den einaste nøytrale stod han for den høgtidlege trekkinga av dusj-rangeringa. Dette viste seg å vere genialt og dusjinga gjekk smertefritt innanfor gitte tidsfristar, i mellomtida hadde Kirsti funne fram laksen, og med litt hjelp var middagen på bordet i ti-tida. Med utsikt rett til fjorden kunne vi ikkje hatt betre avslutting av fjellturen.

Til regn vakna vi neste morgon, men det hindra ikkje at den yngste av oss la ut på joggetur før frukost. Etter god og lang frukost var det å stue stive og støle damer inn i bilen igjen. Etter korte stopp i Odda og Sauland var vi på kveldinga trygt attende på Smestad. Tusen takk til Kirsti for kjempeflott opplegg for turen. Med hennar praktiske og svært hyggelege tilretteleggjing vart denne helga ei stor oppleving for oss. Takk også til LT for nok ein vellukka tur.

Dei som var med Eva Dagrun, Jorun, Kristin M, Linda, Nina, Ragnhild, Silje, Kristin A (ref.) og Kirsti.

Ninas fotoalbum på Facebook , for dei som vil sjå fleire bilete

Skyer som aldri ble annet enn vakre
Skyer som aldri ble annet enn vakre. (Foto: Nina Didriksen)
2010

Bildegalleri

Klikk på et bilde for å forstørre. Bruk piltaster eller trykk i høyre/venstre del av bildet for å få opp hhv neste eller forrige bilde.

  • Fornøyde damer på vårskitur. Fra venstre Kirsti, Nina, Ragnhild, Kristin A, Lind
  • Vi beundrer renna vi gikk ned. Den starter øverst til høyre og skrår ned mot van
  • Bre blir til fjell blir til hav. Intet dumt sted for lunsj 1, dag 2. (Foto: Nina
  • Tannpuss i solnedgang ved Fonnabu. (Foto: Nina Didriksen)
  • Kjekke karer: Cleng og Bertin fra Folgefonni Breførarlag kjenner breens opp- og
  • Skyer som aldri ble annet enn vakre. (Foto: Nina Didriksen)