Fisking i regn og vind
Siste sundag i mars møttest 6 ivrige damer på Vippetangen for å lære om fiske generelt og om fisking i fjorden spesielt. Været var høgst usikkert, og innbaud slett ikkje til strandliv. Etter ein kort fergetur gjekk vi i land på Hovedøya og forflytta oss straks lengst ut på sørlegaste odde for å lære om utstyr og kasteteknikk. Og kanskje stifte bekjentskap med sjørrreten… Nivået var ganske ulikt, frå heilt nybyrjar til minst like godt skolert som dagens instruktør, men alle var blide og ivrige.

Etter 1-2 timar blåste det brått opp, kvite skumtoppar pryda bølgjene som slo inn over yttre del av odden, og kasteteknikken byrja å bli utan betydning.. Vi kom oss i ly for vinden, men nå auka regnværet på. Dei fleste av oss hadde difor ei ganske kort matpause, medan enkelte slo til med spritapparat og varm mat!

Sist på programmet sto torskefiske og fisking med jigg. Alle fekk eit par jiggar, og så var det berre å kaste ut og la sluken gå til botn. Nokre botnnapp vart det, men å handtere dette må også lærast, sjølv om det gjeng med nokre slukar under læringsprosessen…

Etter fem timar med aukande regnvêr truga vatnet med å slå igjennom regntøyet til underteikna, og da tok heimlengsla over. Alle dei gjenverande fiskarane tok ferga til lands. Ingen fekk fisk, men det var ein flott gjeng å vera på tur med, og litt vatn toler vi jo:-)
Fiskedamene var: Ida, Iwona, Jorun , Kristin, Susanne og referent/fiskeinstruktør Rine
