• strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_attach_plugin_display_node_content::options_submit() should be compatible with views_plugin_display::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views_attach/views_attach_plugin_display_node_content.inc on line 7.
  • strict warning: Declaration of views_handler_argument::init() should be compatible with views_handler::init(&$view, $options) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_argument.inc on line 32.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_validate() should be compatible with views_handler::options_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 26.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_submit() should be compatible with views_handler::options_submit($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 26.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_validate() should be compatible with views_plugin::options_validate(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 24.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_submit() should be compatible with views_plugin::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 24.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_style_default::options() should be compatible with views_object::options() in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_style_default.inc on line 13.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of date_api_filter_handler::value_validate() should be compatible with views_handler_filter::value_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/includes/date_api_filter_handler.inc on line 15.
  • strict warning: Only variables should be passed by reference in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/date_api.module on line 866.

Spradebassane på myra

Orrfuglleik i månadsskiftet april/mai har vorte ein tradisjon i LT. Etter å ha tilbrakt dei to tidlegare turane på ei lita myr i Lillomarka saman med ein einsleg orrhane (som rett nok kunne gjort Brad Pitts innsats der han slåst mot usynlege konkurrentar i Fight Club rangen stridig…) fann vi ut at vi fekk finne ein leik med meir action i år.

Etter å ha tråla ein heil hurv med myrar, og dessutan fått nokre aldeles nydelege skiturar, vart endeleg godmyra funne. Skjeletta etter 2-3 samanrasa gapahukar talde eit klart språk om kva som pla skje her i vårmånadane. Tydelege spor etter svære fugleføttar, saman med fjær og lort i snøen fjerna siste rest av tvil.

Orrhanar
Orrhanar (Foto: Rine G. Carlsen)

Ein solrik ettermiddag i april, heilt lengst inn i Maridalen, sto sju damer med ski og oppakning klar for ekspedisjon. Etter ein times flott skitur med kveldsola i andletet og raudt klister under skia var vi framme ved gapahuken. Der forente vi oss med Nina, som hadde gått innover tidlegare på dagen for å halde av gapahuken, da det ifølge rykte skal vera stor rift om slike byggverk på desse kantar på denne tida. Nina viste seg å ha bursdag akkurat den dagen, og overraska alle med kake til dessert. Stemninga var god, og dala slett ikkje da vi utpå kvelden fekk selskap av ei perleugle som satt og hukra inne i mørket ved sidan av oss.

Kveldstemning i gapahuken
Kveldsstemning frå gapahuken (Foto Rine G. Carlsen)
Jannicke lagar kyllinggryte
Jannicke lagar kyllinggryte (Foto: Rine G. Carlsen)
Nina spanderar bursdagskake
Bursdagsbarnet Nina spanderar kake. (Foto: Rine G. Carlsen)

Turblære eller ikkje

Natta gjekk med til lettare frysing, snorking og dogåing. Forbod mot å forlate gapahuken for naudsynte ærend mellom 03 og 08 førde til lettare hektisk stemning blant dei med dårleg selskapsblære. Nokre valde å stille vekkeklokka på 02 for å få tømt seg. Grunnen til det litt strenge regimet var at vi ikkje ynskja å skremme bort orrfuglane, nå midt i den mest hektiske leikperioden.

I grålysinga omtrent halv fem om morgonen kom orrhanane inn for landing på myra vår. Eit par innleiande tjo-yhhh, og så var dei i gang med å buldre, slåst og elles sprade rundt med stjerten i været som ein kvit rosett. Vi observerte seks hanar totalt, men det var tre individ som var mest aktive i sentrum av leiken. Dei skifta på å sprade rundt, buldre i kor og å fyke på kvarandre med sjoing og vingebaksing.

Høneveka

Ingen høner var å sjå enda, men høneveka skal vera i slutten av april, så dei var nok rett rundt hjørnet. Etter ca ein times leik tok brått alle fuglane til vingane og forsvann. Gryspelet, som er den fyrste delen av ein vanleg orrhaneleik, var over. Vi kunne pakke oss tilbake i soveposane medan vi venta på annan akt solspelet. Og ved sekstida, omtrent samstundes med at dei fyrste solstrålane bada furutoppane bak myra i raudt lys, kom hanane våre tilbake att. Og så var det på’n igjen… Nå var det nok lys til å fotografere, og fleire fekk tatt sine aller, aller fyrste orrfuglbilete! Etter nok ein time med leik gav fuglane seg for denne morgonen, og alle kunne trøytte, men fornøgde, få seg eit par timars søvn.

Buldrebassar
Buldrebassar: Når orrhanen buldrar senkar han forkroppen, sett stjerten til vers og bles opp halsen til nær sagt dobbelt størrelse. Lyden han lagar lar seg ikkje beskrive... (Foto: Rine G. Carlsen)

Frukost i sola

Da vi sto opp, nokre timar seinare, var det solskin frå ein skyfri himmel og knallføre! Alt ganske tidleg kom det skiløparar susande over myra på hard morgonskare, og bikkja i hælane. Leiken vår var tydelegvis godt kjent i traktene, for fleire av skiløparane kom bort og lurte på korleis leiken hadde vore. Etter ein lang og god frukost valde tre av damene å fortsette turen i det flotte veret, medan resten måtte ned att til sivilisasjonen for å gå i konfirmasjon, lese til eksamen eller andre mindre freistande aktivitetar. Men vi gler oss alt til neste års orrfugltur!

Hamas representant på LT-tur...
Kanonfotograf på leik... (Foto: Nina Didriksen)

Dei som var med:

  • Hanne
  • Jannicke
  • Jorun
  • Linda
  • Liv Elin
  • Nina
  • Rine
  • Siri
+ seks spradebassar av arten orrfugl

2006

Bildegalleri

Klikk på et bilde for å forstørre. Bruk piltaster eller trykk i høyre/venstre del av bildet for å få opp hhv neste eller forrige bilde.

  • Kanonfotograf på leik... (Foto: Nina Didriksen)
  • Buldrebassar: Når orrhanen buldrar senkar han forkroppen, sett stjerten til vers
  • Bursdagsbarnet Nina spanderar kake. (Foto: Rine G. Carlsen)
  • Jannicke lagar kyllinggryte (Foto: Rine G. Carlsen)
  • Kveldsstemning frå gapahuken (Foto Rine G. Carlsen)
  • Orrhanar (Foto: Rine G. Carlsen)