Måneskinnsturen: Lite måne – desto meir snø!
Tre dagar etter fullmåne møttest sju lesber og ei bikkje i halvmørket på parkeringsplassen på Skar i Maridalen. Dei skulle til Fortjern for å laga bål og eta seg mette på grillpølser. Dit kom dei aldri

Etter innleiande smøring av ski og montering av hovudlykter la vi i veg oppover bakkane mot vatnet Øyungen. Det snødde våt, tung nysnø og løypa var alt anna enn nypreppa. Månen var godt gøymd bak kontinuerleg dalande snø, så lyktene kom fort i bruk.
Øyungen er normalt eit flott utgangspunkt for å trenge djupt inn i Nordmarka. Det gjeng gode løyper vestover mot Bjørnholt og Kikut, nordover mot Gørjehytta, eller mot andre stader ein måtte finne det for godt å vandre... Vi tråkka oss mot nordvest, over vatnet Gåslungen i retning Rottungen.
På grunn av snøvêret og manglande oppkøyring gjekk det ikkje avskrekkande fort framover. Så da vi hadde ei rask rådslaging ved Gåslungen Gård, var alle einige om å droppe langturen og ta bålrasten her og nå - ved breidda av Rottungen. Jorun og Linda spadde fort ei grop for både kvinner og bål. Hunden Sappho fann seg ikkje heilt til rette med sju damer og eit bål på så liten plass, og måtte ta til takke med snøhaugen. Resten grilla og kosa seg retteleg den neste timen. Men alle gode ting må jo ein gong ta slutt, så da bålet var på hell, damene mette og hovudlyktene nær slukna, pakka vi oss saman og returnerte til utgangspunktet - Skar.

Sjølv om ingen såg månen eller høyrde nokon ugle var det ein flott tur. Det gjev ein heilt eigen stemning å gå i mørket medan hovudlykta berre lysar opp ei lita strime med dalande snøfnugg rett framfor seg. Resten av verda er borte, og dei einaste lydane ein høyrer er frå ski som glir over mjuk nysnø. Heile to nye andlet dukka også opp denne gongen. Flott at det stadig kjem med nye folk på turane våre!
Dei som var med:
Anette, Jannicke, Jorun, Kjersti, Linda, Rine, Siri og hunden Sappho