Lesbisk Turlag på fugletittetur: Til Runde for å sjå på lunde
Fugleøya Runde er Noregs tredje største fuglefjellsområde og husar store koloniar av sjøfugl som lunde, krykkje, havsule, storjo og havørn. Hit kjem det kvar vår og forsommar store mengder fugleinteresserte tyskarar, og nokre få nordmenn, for å ta fuglane i nærare augesyn. Og så fire damer frå Lesbisk Turlag da... Samtlege lot seg forføre av dei bratte, grøne liene, sjøfuglkoloniane i stupbratte fjell, og ikkje minst lunden – fuglen med det fargerike nebbet og dei triste klovneauga.

Guida båttur
Ein småkald sommardag i slutten av juni møttest fire fugleglade lesber, to Alaska huskyar og ein Belgisk fårehund for å bruke dei neste 3-4 dagane på å utforske øya og fuglelivet. Dei største fuglekoloniane på øya ligg utilgjengeleg til i stupbratte fjell, og sjåast best frå sjøsida. Vi starta difor kalaset med ein guida båttur rundt øya. Størst inntrykk gjorde det å køyre sakte inn under fjellet Rundebranden som hang opp til 200 meter over oss, og husa store mengder hekkande krykkjer og havsuler. Sjølve fjellet er stupbratt, innimellom med overheng, og med breie kvite striper der berget er dekt av fuglelort. Her har fuglane, med berre få kvadratcentimeter til rådighet, funne seg plass til reir og ungepass.
Runde fyr og turisthytte

Det beste utgangspunktet for å gå til dei ulike delane av øya er Goksøyr Camping, som ligg cirka midt på øyas nordside. Vi valde imidlertid å vandre heilt over til ytterste nordvestre del av øya og innkvartere oss på Runde Fyr. Turen over til fyret byr på fyrst 200-300 meter oppover til eit myrlendt platå, så ganske bratt nedover igjen til fyret. På vegen kan ein sjå ein havhestkoloni klore seg fast i fjellveggen, oppleve mannevonde storjoar som heilt uventa stupar susande ned mot ein intetanande vandrar, og dessutan ein fantastisk utsikt over sjøen og dei nærliggande øyane. Om ein ikkje lar seg affisere noko større av dette tar fotturen ca ein time.
Fyrvoktarboligen på Runde Fyr vart overteke av Ålesund-Sunnmøre Turistforening, og tatt i bruk som sjølbetjent turisthytte i 2003. Resultatet er ei svært godt utstyra turisthytte, med både straum og innlagt vatn og ikkje minst flotte omgivingar. Her ser ein rett ut i havgapet og kan oppleve dei nydelegaste solnedgangar - og kanskje soloppgangar, om mengda medbrakt raudvin strekk til...
Lundeura
Alle turistar som reiser til Runde kjem dit for å sjå lundefuglen – den med nebbet og klovneauga… Vi også. Alt fyrste kveld klatra vi opp frå fyret og ned i Lundeura. Her sette vi oss til å vente, samen med eit større antall tyske fuglekikkarar. Omtrent samstundes som sola glei bak fjella, og straks gjorde lufta ein god del kaldare, kom dei fyrste lundane inn for landing. Lunden er ein god symjar, og kan dykke heilt ned til 70 meter for å fange fisk, som lagrast, opptil 20-30 stk av gongen, i nebbet. I lufta og på landjorda er imidlertid ikkje lundefuglen noko imponerande syn. Men sjarmerande er dei, der dei kjem inn for landing med febrilsk hurtige vengeslag, engsteleg blikk, og dei knall oransje føtene retta stivt nedover, omtrent som flapsen på fly, og til slutt avsluttar flygeturen med ei litt brutal buklanding.


Trekkruta over fyret
Alle sjøfuglane lever meir eller mindre av fisk. Det viste seg at fyret låg midt i mellom den største fuglekolonien og fiskeområdet til fuglane. Vi såg difor heile tida store mengder av havsuler, krykkjer, lunde og skarv passere hastig rett over hovuda våre på veg til eller frå kolonien og fiskeria sine. Havsulene er store, elegante fuglar som seilar roleg rundt på utkikk etter fisk. Når så skjer stupdykkar dei frå 10 – 30 meters høgde og brettar vingane bakover rett før dei i sky av vatn bryt overflata i ein fart på opp til 100 km i timen. Eit imponerande syn! Fisken slukast heil på nokre meters djup.
Under mesteparten av opphaldet hadde vi knallvêr, og kunne tusle rundt i shorts og t-skjorte, noko ein ikkje skal rekne med å kunne i desse traktene. Ingen vart i dårlegare form i løpet av turen heller, da det vart mykje vandring i bratt terreng for å komme seg til fuglefjellet og lundeura. Alt i alt ein slitsomt, men givande tur i idylliske og storslåtte omgivingar!
Dei som var med: Franz, Cathrine, Kari, Rine og Susanne, Willy og Taran

Artsliste
Alke, Bergirisk, Fiskemåke, Gravand, Gjerdesmett, Gråmåke, Gråspurv, Havhest, Havsule, Havørn, Hegre, Heipiplerke, Krykkje, Kråke, Linerle, Lomvi, Lunde, Ravn, Sanglerke, Skjære, Steinskvett, Stokkand, Storjo, Svartbak, Taksvale, Teist, Tjeld, Toppskarv, Ærfugl