• strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_attach_plugin_display_node_content::options_submit() should be compatible with views_plugin_display::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views_attach/views_attach_plugin_display_node_content.inc on line 248.
  • strict warning: Declaration of views_handler_argument::init() should be compatible with views_handler::init(&$view, $options) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_argument.inc on line 744.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_validate() should be compatible with views_handler::options_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 607.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_submit() should be compatible with views_handler::options_submit($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 607.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_validate() should be compatible with views_plugin::options_validate(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 134.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_submit() should be compatible with views_plugin::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 134.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_style_default::options() should be compatible with views_object::options() in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_style_default.inc on line 24.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of date_api_filter_handler::value_validate() should be compatible with views_handler_filter::value_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/includes/date_api_filter_handler.inc on line 591.
  • strict warning: Only variables should be passed by reference in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/date_api.module on line 866.

Orrhanespel i Lillomarka

Årets orrfugltur baud på fuktig vær, kupert terreng, ein dansande skodespelar og ein journalist frå Fjell og Vidde!

Journalisten hadde Nina tipsa, og ho tente straks på ideen om å vera med noko så sært som eit lesbisk turlag på orrfuglleik… Etter litt diskusjon om kven som godt kunne tenkje seg å pryde framsida av DNTs medlemsblad og kven som slett ikkje ville bli tatt bilete av i det heile tatt, var journalist Julie Maske frå Fjell og Vidde godt integrert i gjengen.

Vigdis og Nina kosar seg foran gapahuken.

Vi starta frå Sandermosen stasjon i Maridalen, og presterte å krysse samtlege langsgåande landskapsformasjonar på tvers der vi tråkla oss innover mot leiken på små, gjørmete skogsstiar. Det vart med andre ord ein kupert tur, men samstundes fekk vi med oss dei landskapstypene Lillomarka har å by på: opne furumoar, bratte lier med fuktige dalar, urørt naturskog med grove grantre og intenst grønt moseteppe i det våte veret.

Renate følger ivrig med bak kamuflasjen.

Etter to timars sveitt gange kunne vi skimte den kamuflasjedekte opninga til gapahuken i bortenden av orrfuglmyra. Presenning og kamuflasje var hengt på plass ei veke tidlegare slik at fuglen skulle få tid til å venne seg til dei nye omgivingane. Vi laga ein betre fellesmiddag på dei medbrakte stormkjøkkena og kunne nyte både sjokoladedessert og ein påfølgjande liten knert. Ut på kvelden senka tåka seg og gav ein trolsk stemning over myra vår. Men ingen orrfugl gav lyd frå seg denne kvelden, og det var med stigande uro turleiar lirka seg på plass i soveposen. Dumt om det ikkje kom fugl da…!

Nina viste seg å kle kamuflasjeduken svært godt.

Etter ei (for enkelte) heller søvnlaus natt vakna vi ved firetida av det karakteristiske tjoo-yhhh i ein tretopp nær oss. Fugger'n var her i år også! Det viste seg å vera ein einsleg, og i byrjinga ganske sjenert orrhane som slo seg til i den andre enden av myra, der vi knapt kunne sjå han… I halvmørket kunne ein så vidt skimte halefjæra som ein utydeleg kvit dott nede i ei dump bak ein busk der hanen satt ganske stille og buldra lågt ned i lyngen. Men nokre timar seinare, etter at det hadde blitt lyst, kvikna han til og byrja å bruke større delar av myra. Vi satt på rekke og rad bak kamuflasjen og følgde med på korleis hanen dansa ute på myra. Dei kvite halefjæra likna mest ei nøkkerose som for mellom myrtuene. Kammane over auga var eldraude og oppspelde i opphissing. Ja han var litt av ein kar der han spankulera omkring og innimellom gjorde dristige utfall med sjoing og vingebaksing mot usynlege konkurrentar. Litt av ein skodespelar egentleg! Berre synd det ikkje var ei høne å sjå… Etterkvart byrja ein annan orrhane å buldre med, inne frå buskane. Sikkert ein yngre hane som ikkje torde gje seg i kast med storkaren som regjerte ute på myra. Men dei haldt eit svare lurveleven der dei buldra til kvarandre frå myra og skogen. Ved 7-8 tida gav dei seg, og da hadde dei fleste av oss også sovna.

Journalisten måtte forlate oss tidleg for å rekke heim til barneselskap. Vi andre tok oss tid til å nyte ein betre frukost. Heimturen gav betre og betre vær, og vi fekk sjå stadig meir blå himmel. Dei som hadde best tid fekk med seg små naturopplevingar som til dømes ein fuglekonge på ivrig næringssøk i ei gran berre 2-3 meter frå oss. Men alle var enige om at det hadde vore ein fin tur. Nå får vi berre vente og sjå om Fjell og Vidde vil trykke artikkelen han kjem i så fall til neste vår, rett før orrfuglsesongen!

Dei som var med: Julie, NN, Lisbeth, Nina, Renate, Rine og Vigdis.

Nina, Vigdis, Renate, NN og Lisbeth er klare til avmarsj etter ein vellukka tur
2005

Bildegalleri

Klikk på et bilde for å forstørre. Bruk piltaster eller trykk i høyre/venstre del av bildet for å få opp hhv neste eller forrige bilde.

  • Nina, Vigdis, Renate, NN og Lisbeth er klare til avmarsj etter ein vellukka tur
  • Nina viste seg å kle kamuflasjeduken svært godt.
  • Renate følger ivrig med bak kamuflasjen.
  • Vigdis og Nina kosar seg foran gapahuken.