EuroPride 1 - Paraden
Vi var ikkje mange, men skilde oss godt ut frå den gemene hop av glitter og paljettar der i alle fall nokre av oss vandra traust fram med tursekkar og tunge fjellsko! Framfor oss i toget hadde uteseksjonen leid ein flåte med eit knippe lettkledde jenter som dansa i eit køyr frå vi ankom rådhusplassen ved 13-tida til vi var tilbake etter ein heller forsinka marsj ved 17.30-tida. Dei må ha mista fleirfoldige liter væske i løpet av den varme dagen

Årets parade var sjølvsagt enda større og enda meir utspjåka enn nokon parade nokon gong tidlegare hadde vore i nærleiken av! Dei ulike grupperingane var nede på Rådhusplassen lenge før avmarsj, så det var god tid til å vandre omkring og ta alt nøye i augesyn. Vi slo av ein prat med ein gjeng svenske dragkings, stasa opp med skjeggstubbar og vide arbeidsbukser i fullstendig bar overkropp Nina lot seg avfotografere foran banneret vårt saman med to fnisande turistjenter.


Foto: Rine G. Carlsen.

Foto: Rine G. Carlsen.
Etter litt forsinkelsar kom vi i gang, og om paraden var stor i år var publikumsmassa enda større. Det var tjukt av folk langs omtrent heile ruta, og nesten alle smilte og kosa seg! Da vi var i nedre del av Karl Johan stoppa toget opp i bortimot ein time. Heldigvis var det ein Seven Eleven rett ved, så vi fekk avkjøla oss med kald is og brus. Den bua hadde nok bra omsetning den dagen! Som vanleg var det bra med kjentfolk blant publikum. Etter 2-3 timar med asfaltvandring og pausing i solsteiken var vi tilbake til utgangspunket. Ein del av gjengen avslutta dagen med felles middag på Santinos, medan dei aller ivrigaste måtte ta eit par øl i tillegg i Prideleiren før dei vandra kvar til sitt for å lade opp til turen til Øyungen dagen der på.
Bileta får elles tale for seg


