Sopptur 5. september: Lite sopp, men fin tur!
11 glade damer møtte opp på P-plassen på Skar i Maridalen denne flotte haustdagen. Dei fleste for å plukke sopp, andre berre for å få seg ein tur i det fine veret. Det var varierande grad av både soppkunnskap og utstyr, og dei to faktorane sto ikkje alltid i stil til kvarandre… Men både nybyrjarar og gamle ringrevar såg ut til å trivast, og det virka som om dei fleste lærte eit par nye soppartar denne dagen.
Turen innover gjekk i nordvendte, mosegrodde, fuktige lier, dels på sti og dels i terrenget. Og bratt var det uansett. Enkelte turdeltakarar hadde fleire ublide møte med bakken, men viste ein imponerande evne til å halde soppen på plass i soppkorga på tross av både knall og fall.
Soppen ja, den skulle vi gjerne sett meir til! Det var heilt klart for tidleg for traktkantarellen, og anna sopp såg vi lite til. Før baktroppa på veg ned mot rasteplassen kom over dei fyrste steinsoppane. Da vart det nesten ein elektrisk lada stemning mellom dei tette granleggane, der 4-5 ivrige damer virra krumbøgde omkring med blikket retta stivt mot bakken… Fortroppen på si side hadde nok gått litt for fort fram, og gjekk såleis glipp av dagens steinsoppjakt. Utanom steinsopp fann vi også beskjedne mengder med kantarell, traktkantarell (førebels berre småsoppar), lys piggsopp og ringlaus flugesopp.
Rasten tok vi nede ved breidda av Øyungen, sitjande på solide steinheller heilt ute i vatnet, med sola rett i andletet. Her vart vi sitjande eit par timar å sole oss og skravle, før vi tok beinaste veg ned att til Skar.
Dei blide turdeltakarane var: Anne, Cathrine, Christina, Hannelore, Helle, Inger Anne, Kjersti, NN , Rine, Torunn og Vigdis
- Logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Facebook
Twitter