• strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_attach_plugin_display_node_content::options_submit() should be compatible with views_plugin_display::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views_attach/views_attach_plugin_display_node_content.inc on line 7.
  • strict warning: Declaration of views_handler_argument::init() should be compatible with views_handler::init(&$view, $options) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_argument.inc on line 32.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_validate() should be compatible with views_handler::options_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 26.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_submit() should be compatible with views_handler::options_submit($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 26.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_validate() should be compatible with views_plugin::options_validate(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 24.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_submit() should be compatible with views_plugin::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 24.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_style_default::options() should be compatible with views_object::options() in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_style_default.inc on line 13.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of date_api_filter_handler::value_validate() should be compatible with views_handler_filter::value_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/includes/date_api_filter_handler.inc on line 15.
  • strict warning: Only variables should be passed by reference in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/date_api.module on line 866.

Rundeturen som vart til Sverige-tur: Ornitologisk ekskursjon til Sverige

Kristi-himmelfartshelga hadde LT’s mest innbarka ornitologiske fraksjon planlagt å reise til Runde for å studere fuglelivet på Noregs nordvestkyst. Etter å ha sett vêrvarslet bestemte vi oss imidlertid for å unngå regn, hagl og generelt drittvær ved å køyre i motsatt retning, og slik enda vi opp i sørvest Sverige. Her skulle ein tru det var godt og varmt, nærast badevêr, men vi greidde ikkje rømme frå den beinkalde nordavinden som har ruska over heile Skandinavia dei siste dagane. Vi vandra faktisk stort sett omkring iført tjukk ullstilongs, lue og vottar og dessutan eit solid arsenal av kikkertar, kamarutstyr og fuglelitteratur. Men du verden så moro! Vi fekk sjå enormt mange artar som ein sjeldan eller aldri ser elles.

Jorun speidar etter fugl frå kafeen i Getterøn naturrum.

Vi besøkte tre kjente fuglelokalitetar og naturreservat:

Getterön, eit våtmarksområde som ligg ved vestkysten ved staden Varberg, er ein av dei beste fuglelokalitetane i Sverige. Ein kan observere masse trekkfuglar her høst og vår, men heile 120 artar er også registart hekkande. Her finnast eit svært velutstyrt ”naturrum” med bla. kafé og butikk med sal av kikkertar, teleskop og egna litteratur (LTs ornitologiske fraksjon sikla direkte grådig på eit par av teleskopa her…). Rundt omkring på lokaliteten finnast det også fleire skjul og fugletårn der ein kan komme svært nær fuglane. Av artane vi såg var Avosetten, som i Noreg er karakterisert som ein sjeldan gjest, det desiderte høgdepunktet. Nattergalen såg vi ikkje, men høyrde desto betre - rart at det kan vera så mykje lyd i ein liten fugleskrott!

På kafeen var det to store teleskoper til fritt utlån, så vi drakk kaffe, åt og teleskoperte samstundes. Luksus!
Avosett
Getterön Naturrum

Halvøya Gubbanäsan er også ein del av Getteröns naturreservat. Her hekkar det få artar, men desto fleire flyg over under trekket. Staden er ein av Sveriges beste lokaliteter for sjø- og havfugltrekk. Vi haldt på å blåse bort under besøket vårt, men kunne skimte diverse sjøfugl som skarv og ærfugl ute blandt skumtoppane.

Det bles fælt, men vi kunne likevel skimte ein del skarv ute i bølgene
Vi gjekk på breie plattformer innover i sumprørskogen. (Foto Jorun Bye)

Tåkern, kjent som "Nordeuropas främsta fågelsjö", ligg rett øst for innsjøen Vättern. Dette er ein næringsrik innsjø med ei gjennomsnittsdjubde på 0.8 meter. Rundt sjøen er det store områder med strandenger og sumprøyrskog . Vi besøkte to lokalitetar, begge med fugletårn, og dessutan plattformer slik at vi kunne vandre ut i sumprøyrskogen. I strandenga rundt sjøen beitar det mengder med grågjess.

Da vi hadde installert oss oppe i fugletårnet på den fyrste lokaliteten vart vi vitne til eit av naturens brutale drama. Ein flokk av grågjess sette brått i gang med eit lurveleven av skrik og skrål. Vi snudde oss mot lyden og fekk sjå ein raudrev i aksjon i det han snappa med seg 2-3 av grågjessungane. Det virka ikkje som om gjessane hadde noko dei skulle ha sagt, dei rømte ut i vatnet med den felles barneflokken, og reven kunne heilt uforstyrra gøyme bytte sitt og tusle roleg vidare. Dyret virka litt magert og slitent, så vi gjetta på at det var ei revetispe med sitt eiget kull av sultne ungar i nærleiken.

Grågåsfamilie på "bondegårdsferie"...
Reven har akkurat blitt obs på oss, rett etter "den store gåsejakta"

Av dei meir sære fugleartane kom rørdrumen, ein hegreaktig fugl, øvst på lista. Vi såg aldri noko til desse fuglane der dei gøymde seg djupt inne i takrørskogen, men høyrde dei deste betre. Lyden beskrivast i Gyldendals store fugleguide som ”et vidtrekkende, svært hult, tåkelurlignende, utpustende, rautende «booh»”. Det minna faktisk mest om den lyden ein får når ein legg leppene mot toppen av ei brusflaske og bles på skrått nedover… Her såg vi også rovfuglar som fiskeørn, sivhauk og lerkefalk.

Fiskeørn
Gulerle

Hornborgasjøen, ligg ca. midt mellom dei store innsjøane Vännern og Vättern, og er nok ein næringsrik, grunn innsjø (gjennomsnittsdjubde ca 1.2 m). Her hekkar om lag 50 fugleartar tilknytta våtmark, heile 270 ulike artar er observert. Mest kjent er nok sjøen for dei ca 10 000 tranene som mellomlandar her nokre veker om våren for å kvile, eta og danse. Dette fenomenet tiltrekker seg i sin tur bortimot 150 000 tilreisande fugleinteresserte kvar vår… Her finnast også eit flott naturrum – Hornborgasjøen Naturrum, fleire skjul, tårn og vandrestiar rundt i reservatet.

Delar av landskapet rundt sjøen er eit svært idyllisk, gammalt kulturlandskap. Som ein kuriositet kan nevnast at det er det er frå dette området Jan Guillou har henta handlinga i den kjente middelaldertrilogien om Arn Magnusson.

Vi hadde mest moro av ei stakkars taffeland som ganske så forgjeves prøvde å halde 5 ivrige beilarar på avstand. Hoa kom med stadige irriterte utfall mot hannane, prøvde å gøyme seg i sivet og til sist å dykke seg vekk. Men ingenting hjalp, hannane følgde tolmodige etter samstundes som dei prøvde å jage kvarande. Kort sagt - ei slags symjande intrige… Størst lukke gjorde likevel ein svarthalsdykkar som vi fekk sett forholdsvis nære.

Antiloper på den Afrikanske savannen? Nope, traner ved Hornborgasjøen!

Etter å ha sett desse flotte lokalitetane i nabolandet vårt slår det ein ganske klart at svenskane har ein heilt annan kultur for både vern og tilrettelegging enn oss nordmenn. Dei har for det fyrste lukkast i å verne store, samanhengande våtmarksområder. Og dei har for det andre greidd å tilretteleggje dette for folk flest utan at dette har gått nemneverdig ut over kvalitetane til områdene. Alt var dessutan heilt gratis! På dei mest populære stadene møtte vi alle slags folk - ungdommar, barnefamiliar og pensjonistar som kom slentrande med ”skopet” over skuldra. Det kan knapt vera nokon tvil om at denne tilrettelegginga har skapt ei interesse for fuglekikking som vi ikkje er i nærleiken av i Noreg. Noko å tenke på for verneinteressene her i landet?

Linkar frå områda vi besøkte:
Hornborgasjøen: http://www.hornborga.com
Tåkern: http://www.takern.com
Getterøn: http://www.getteron.com og http://www.hallof.se/vof/

Artsliste for alle lokalitatane vi var på:
(G=Getterøn/Gubbanæsan T=Tåkern H=Hornborgasjøen)

Fornøgd fuglekikkar

Pattedyr:
Elg E6...
Hare
Rødrev G
Rådyr

Fugl:
Avosett G
Blåmeis G
Bokfink
Brunnakke T
Brushane T
Dobbeltbekkasin T
Dvergterne G
Fasan G
Fiskeørn T
Gerdesmett T
Gjøk G
Gravand G
Grågås G, T, H
Gråspurv
Gråtrost G, T
Gulerle T
Heipipplerke G
Hettemåke T, G
Hortulan G
Hvitkinngås
Kaie
Kanadagås
Kjøttmeis G
Knekkand G
Knoppsvane T
Krikkand H
Kråke
Kvinand T, G
Laksand G
Lerkefalk T
Linerle G, T, H
Låvesvale G, T
Makrellterne T, G
Mandarinand H
Niland T
Pilfink
Rødnebbterne (?) T, G
Rødstilk G, T
Rødvingetrost G, T
Rørdrum T
Sandlo G
Siland G
Sivhauk T, G
Sivhøne H
Sivsanger G, T
Sivspurv T
Skjeand G, T
Skjære
Snadderand G, T
Sothøne T, G
Steinskvett G
Stillits T
Stokkand G, T, H
Storskarv G, T
Storspove G
Strandsnipe T
Stær G, T
Svarthalsdykker T
Svarthvit fluesnapper T
Svarttrost G
Taffeland T
Taksvale G, T
Tjeld G
Toppand T, G
Toppdykker G, T
Tornirisk G
Trane H
Trostesanger T
Tårnfalk G
Tårnseiler G, T
Varsler (?) G
Ærfugl G

Av arten Homo sapiens var det med to individer på turen:
Jorun og Rine

2004

Bildegalleri

Klikk på et bilde for å forstørre. Bruk piltaster eller trykk i høyre/venstre del av bildet for å få opp hhv neste eller forrige bilde.

  • Jorun speidar etter fugl frå kafeen i Getterøn naturrum.
  • På kafeen var det to store teleskoper til fritt utlån, så vi drakk kaffe, åt og
  • Avosett
  • Getterön Naturrum
  • Det bles fælt, men vi kunne likevel skimte ein del skarv ute i bølgene
  • Vi gjekk på breie plattformer innover i sumprørskogen. (Foto Jorun Bye)
  • Grågåsfamilie på "bondegårdsferie"...
  • Reven har akkurat blitt obs på oss, rett etter "den store gåsejakta"
  • Fiskeørn
  • Gulerle
  • Antiloper på den Afrikanske savannen? Nope, traner ved Hornborgasjøen!
  • Fornøgd fuglekikkar