LTs sommartur: Grilling, regn og flott natur!
Berre fire damer møtte optimistisk opp på Skar, iført Gore-tex, solid fottøy og eingangsgrill! Det er uvisst om det var det dårlege veret som hadde skremt bort eventuelle deltakarar eller om folk var opptatt av diverse Skeive aktivitetar nede i sentrum. I alle fall bestemte dei fire seg for å endre planane litt, og heller gå ein lengre og brattare tur. Veret var heller ikkje så verst – det var bortimot opphaldsver, og innimellom kunne vi faktisk få eit glimt av sola gjennom vått granbar og lauvverk.
Vi valgte å følge den blåmerka stien som går over Tømtekleivene og endar opp ved Tømte gård. Her kjem ein fort inn i Mellomkollen naturreservat, eit sterkt kupert område prega av gammal, rik granskog og djupe, fuktige bekkedalar med bregnevegetasjon. Her er eit rikt dyre- og fugleliv, og dessutan mange spennande planter. Turens to biologar fekk nok å bryne seg på, og måtte vri hjernen både ein og to gangar rundt for å prøve å erindre gammal, men elementær botanikkunnskap.
Vel oppe på Tømte gård meldte sulten seg for alvor hos enkelte. Med litt amper stemning og antydning til desperasjon trava vi nedover stien mot Øyungen medan vi søkte etter noko som kunne duge som grillplass. Etter ein bomtur ut i ei myr og diverse vitsing om kva som var den mørkaste, kaldaste, våtaste og i det heile tatt mest utrivelege rasteplassen, fann vi til slutt ein liten lysning midt i eit tidlegare plantefelt. Her satt vi ein times tid og kosa oss med pølsegrilling og ”dameprat”. Vi rakk akkurat å pakke oss saman før regnet kom for alvor. Resten av turen gjekk fort og greitt. Vi fylgde nordaustbreidda av Øyungen og tok den nordlegaste grusvegen ned at til Skar.
Alt i alt var det ein kjempefin tur i flott natur og koseleg selskap. Dagens moral må vera: Ingen grunn til å sitja heime på røva om det er eit par regndråpar i lufta ute!
Dei barske deltakarane: Cathrine, Rine, Torunn, Vigdis og dessutan Willy - LTs trufaste firføtte, heterofile, mannlege innslag.
- Logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Facebook
Twitter