• strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_attach_plugin_display_node_content::options_submit() should be compatible with views_plugin_display::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views_attach/views_attach_plugin_display_node_content.inc on line 248.
  • strict warning: Declaration of views_handler_argument::init() should be compatible with views_handler::init(&$view, $options) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_argument.inc on line 744.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_validate() should be compatible with views_handler::options_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 607.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_submit() should be compatible with views_handler::options_submit($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 607.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_validate() should be compatible with views_plugin::options_validate(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 134.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_submit() should be compatible with views_plugin::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 134.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_style_default::options() should be compatible with views_object::options() in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/plugins/views_plugin_style_default.inc on line 24.
  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of date_api_filter_handler::value_validate() should be compatible with views_handler_filter::value_validate($form, &$form_state) in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/includes/date_api_filter_handler.inc on line 591.
  • strict warning: Only variables should be passed by reference in /home/lesbisyg/public_html/sites/default/modules/date/date_api.module on line 866.

Kanotur på Fjorda: Flott tur i triveleg selskap!

Fredag ettermiddag samla alle turdeltakarane seg på Ullevål stadion for å reise på LTs fyrste kanotur. Det var mange nye namn på deltakarlista, det er sikkert fleire enn meg som har fundert på kva slags folk dette kunne vera. Det viste seg å vera eit knippe spreke, trivelege og turvante damer!

Kanoturgjengen, frå venstre: Mette, Jorun B., Helga, Anne, Cathrine, Jorun G, Margaret og Inger Anne (Foto: Rine G. Carlsen)

Etter 2-3 timars køyring kom vi fram til Fjorda (også kalla Velmunden), eit sant paradis for kanopadlarar. Sjøen består av 2-3 hovudvatn med passasjar som buktar og vrir seg mellom dei. Det kryr av holmar, øyer og tronge passasjar; kort sagt alt ein kanopadlar kan ynskje seg! Vi kom seint i gang, men fekk padla ein times tid. Dei fleste leirplassane var rimelegvis alt okkupert, men rett før mørket la seg hadde vi finni oss ein brukbar plass. Her fekk vi opp telta, laga mat og tente eit solid bål i ein fart. Praten gjekk rundt bålet til langt på natt. Det såg ut til at alle trivdest!

Neste morgon starta med morgonbad for dei aller barskaste, Inger Anne og Jorun. Vi andre synast vatnet var i kaldaste laget… Etter ein kort diskusjon bestemte vi oss å bli på same leirplass og heller komme tilbake til utgangspunktet etter endt kanotur. Turen gjekk gjennom idylliske sund med svaberg og furuskog på begge sider. Eit par av oss hadde med fiskeutstyr og gjorde eit forsøk på matauk. Resultatet av det vart berre ein stk tusenbrødreabbor, og av aller minste sort. Abboren hamna i vatnet att, men med brekt nakke… LT’s bidrag til ei sunnare fiskestamme i området!

Cathrine, Helga, Anne, Jorun G., Mette og Margaret kosar seg med lunsj og padlepause (Foto: Rine G. Carlsen).

Andre kveld skulle vi verkeleg feire til langt på natt. To ekstra vedsekkar vart kjøpt inn for høvet (det var forbode å sanke ved i skogen, men firmaet som leigde ut kanoar selde vedsekkar. Ei ordning dei sikkert var godt nøgde med…) og vinflaskene kom opp av sekkane. Til middag stod Chilli Con Carne på menyen. Denne skulle lagast frå grunnen av med ei solid mengde innkjøpte ingrediensar. Og med ni intenst konsentrerte kokkar, tre kokeapparat og ein ivrig tilskodar (Willy) vart resultatet slett ikkje verst (men neste gang skal vi nok krydre litt meir…). Bålet var i gang alt før middagen var fortært og vi samla oss rundt. Det vart ein koseleg kveld med moderat vinkonsum, gåteløysing og annan gaman. Ut på kvelden tvang aggressiv og pågåande bålrøyk fram nye bruksområde for gamle produkt. Underteikna har tenkt å ta patent på den geniale ”Antibålrøyksvømmebrilla”. Ein sikker vinnar på alle framtidige bålturar!

Mette nyt kveldsstemninga med dupp og mark (Foto: Rine G. Carlsen).
Endeleg mat! (Foto: Rine G. Carlsen)
Cathrine lempar ved. (Foto: Rine G. Carlsen)

Det vart ei regnfylt natt, ein del låg nok og høyrde på regnet som tromma mot duken og håpa intenst at det ikkje skulle slå gjennom. Våtast av alle vart stakkars Willy som måte ligge utanfor teltet heilt til matmor utpå morgonkvisten forbarma seg over han og slapp han inn i forteltet. Regnværet haldt heldigvis opp ut på morgonkvisten, og innan alle hadde stått opp var det i ferd med å klarne opp. Midt på dagen pakka vi samen leiren og tok til på heimturen.

God stemning rundt leirbålet (Foro: Jorun Bye)

Sidan 2/3 av LTs fugleinklinerte fraksjon var med på turen vart det jo litt fuglekikking også. Dei mest interessante observasjonane var av fiskeørn, smålom og ein laksandfamilie med mor og nesten vaksne ungar.

Alt i alt ein flott tur i idyllisk landskap og med koseleg selskap!

På heimtur. (Foto: Rine G. Carlsen)

Dei som var med: Anne, Cathrine, Helga, Inger Anne, Jorun B., Jorun G., Margaret, Mette og Rine

2004

Bildegalleri

Klikk på et bilde for å forstørre. Bruk piltaster eller trykk i høyre/venstre del av bildet for å få opp hhv neste eller forrige bilde.

  • Kanoturgjengen, frå venstre: Mette, Jorun B., Helga, Anne, Cathrine, Jorun G, Ma
  • Cathrine, Helga, Anne, Jorun G., Mette og Margaret kosar seg med lunsj og padlep
  • Mette nyt kveldsstemninga med dupp og mark (Foto: Rine G. Carlsen).
  • Endeleg mat! (Foto: Rine G. Carlsen)
  • Cathrine lempar ved. (Foto: Rine G. Carlsen)
  • God stemning rundt leirbålet (Foto: Jorun Bye)
  • På heimtur. (Foto: Rine G. Carlsen)