Fugletur til Østensjøvannet
Bli med på fuglekikke-og-lytte tur til Østensjøvannet i Østensjø bydel. Her kan du lære korleis nokre av våre mest vanlege fuglar ser- og høyrest ut. Østensjøvannet er eit av dei meste kjende fuglevatna i Norge. Over 200 ulike artar er registrert her. Vatnet ligg sentralt til, midt i Østensjø bydel, og er eit mykje brukt turområde med gode turstiar/vegar rundt heile vatnet. Fuglane er difor van med folk, og lette å komme inn på. Vi kjem til å sjå ulike gjess, endar, toppdykker, siv- og sothøner samt masse hettemåker. Du finn meir info på websida til Østensjøvannets venner
Du treng ikkje ha nokon forkunnskapar. Vi skal konsentrere oss om nokre få artar og lydar. Men ta med kikkert om du har - ein del av fuglane ligg ofte lenger ut på vatnet, og kan vera vanskeleg å sjå detaljer på med det blotte auga. Og gjerne ei fuglehåndbok. Turen er på 4-5 km på grusveg, sykkelsti og sti. Dette er ein lett tur, og vi vil stoppe ofte for å sjå og lytte etter fugl. Ta gjerne med litt niste.
Oppmøte er onsdag 7. mai, kl 18 (nytt tidspunkt!) på p-plassen i sør-enden av vatnet. Du kan også ta T-bane 3 mot Mortensrud, og gå av på Bøler eller Bogerud. Sjå kart på ostensjovannet.no
Det er ikkje påmelding til denne turen, men om du lurar på noko kan du kontakte turleiar Rine på mobil 90 65 33 58.
Vel møtt!