Du er her: Forside > Rypejegerne
Sykkeltur i Nordmarka
8. august
Les mer
”Rypejegerne” er eit lite knippe jaktinteresserte lesber med bakgrunn i LT. Jaktforma er støkkjakt på ryper (da ingen av oss har hund), men vi utvidar gjerne repertoaret om nokon kan bidra med ny kompetanse. Alle er ganske ferske i gamet – sist utsprungne jeger var på si fyrste jakt denne hausten (2006). Vi byrja å trene og jakte saman våren 2005. Sidan da har vi fått til tre jaktturar på Hardangervidda, samt mykje skytetrening. For tida er vi berre tre faste ”medlemmer”, men vi vil gjerne ha med fleire.
Om du ynskjer nye jaktkameratar, eller ikkje har jakta før av di du manglar jaktfølge, bør du vurdere ”Rypejegerne”. Bli gjerne med oss på skytetrening til våren!