Turreferater > Turorientering
Etter lange tider med regn valde veret å slå om på turorienteringsdagen vår. Sola skein frå nær skyfri himmel over dei fem frammøtte (turleiar inkludert) som hadde møtt opp på p-plassen ved Isdammen i Lillomarka.
Dei fleste hadde lite erfaring med kart og kompass, så turen starta med eit krasjkurs i himmelretningar, målestokk og kartteikn. Det vart ein del teori, men til gjengjeld kom smila fram da alle skulle lære å måle avstand ved å telle skritt. For dei uinnvidde såg vi muligens ut som ein delegasjon frå "The ministry of silly walks" der vi langa ut langs grusvegen…
Vi tok totalt 6 postar, og alle bytta på å lede an mellom postane. På rasteplassen rett aust for hoppbakkane på Linderudkollen tok vi ei pause, og kunne nyte nista vår i strålande haustsol. Litt tid til prat fekk vi også.
Alle fekk lære seg ganske mykje om kart og kompass, og læringskurva var bratt. Mot slutten av turen byrja difor konsentrasjonen å svikte, og vi droppa dei siste postane. Men alle var godt nøgde. Turleiaren var gladast av alle, då ho midt i eit solid tråkk fann mengder med svart trompetsopp!!!
Dei som var med: Bodil, Kristin, Marianne, Margrete og Rine(turleiar og referent)