Turreferater > Maridalsalpene
Innanfor Maridalen reiser det seg eit kupert landskap med steile åssider og djupe dalar. Her er granleggane tjukke og toppane høge, og på botnen av storskogen er lyset dunkelt, der stigen snor seg mellom frodig grønn undervegetasjon. Kallenamnet Maridalsalpene spelar nok på dei markerte toppane Mellomkollen, Midtkollen, Gaupekollen og Hansekollen; men skogen vekkjer mange stader vel så mange assosiasjonar til tropiske strok.
Me møttest på Skar, og etter namnerunde, opptelling og konstatering av nesten tangering av rekord – 20 stykk, samt ein hund – bar det i veg oppover lia. Når 20 damer kjem kaklande stikk sjølv den tøffaste orm og gøymer seg, og alle kom velberga og glade fram til Mellomkollen. Her var det tid for rast med utsyn mot fjorden og byen i det fjerne, og Nittedal og Romeriksåsen mot den andre kanten. Nokon meinte og dei såg tårnet på Gardermoen.
Strekket mellom Mellomkollen og Gaupekollen gjekk på umerka stig i bratt terreng, mellom urgamle grantre og over trolske myrdember (bokmål: finst ikkje). Hovudrasten tok me på Gaupekollen, ein idè med delte med SV sitt bydelsutval og endå nokre fleire. Men menneska er jo sosiale vesen!
Og utsikten var endå betre enn på Mellomkollen, mot Dausjøen og Maridalsvatnet, Oslofjorden og regnet som nærma seg utan bøn. Det var snart på med regnjakkene, for dei som hadde slikt, men regnet varte ikkje så lenge.
Den opparbeidde hestevegen ned mot Movatn er kanskje den finaste strekninga, inntil me svingte av på stig og skogsbilveg og fekk ein runde attende til Skar, anført av Eva som kjente terrenget godt.
Ein lett tilgjengeleg sundagstur i fint vêr i juni er ein sikker vinnar!
Her er dei som sa takk for turen til kvarandre, in order of appearance:
Lisbeth, Turid, Kristin, Erle, Rine, Siri, Nina, Eva, Hilde, Berit, Monika, Kristine, Kari, Silje, Nora, Jofrid, Alyssa, Ellen,
Jorun, Vigdis
Og den firbeinte LT-veteranen Maia