Turreferater > Orrhaneleik
Orrhaneleik i april/mai har etterkvart blitt Lesbisk Turlags mest innarbeidde tradisjon. Dei siste to åra har vi hatt tilgang til ein stabil og god leik, med tilhøyrande (og sannsynlegvis ikkje heilt lovleg) gapahuk. To veker tidlegare hadde fire av LTs ildsjeler gått inn til leiken og sett i stand gapahuken vår. Dei kunne melde om spor etter berre ein orrhane ute på leikmyra...
Været var i godlune da tre damer la i veg innover mot gapahuken og årets orrhaneleik. To damer hadde reist oppover tidlegare på dagen for å halde av ”vår” gapahuk, og tre måtte melde forfall på grunn av sjukdom. Med fellesproviant og vatn vart det difor tunge sekkar. Vårsola hadde alt smelta bort fyrste del av skiløypa, og vi måtte bære både sekkar og ski dei fyrste kilometerane. Men sola skein og skiføret var bra da vi endeleg fekk snø under beina. Ein uredd bokfink og ei ivrig syngande raudstrupe var passande innslag under skituren.
Da vi kom fram til gapahuken, hadde damene som reiste innover tidlegare på dagen henta grankvistar til golvet og tent bål. Medan vi skifta frå sveitt til tørt og varmt tøy laga dei jammen middag også – nydeleg lammeskavgryte. Det er uventa høgt servicenivå i skogen på desse kantar!
Ut på kvelden satt vi fortsatt rundt eit varmt og koseleg bål da sju karar kom på ski ned mot leiken vår. Vi overhøyrde eit tydeleg ”Søren også, det er opptatt…”. Dei hadde nok håpa at gapahuken skulle vera ledig for natta - nå måtte dei gå i gang å byggje sitt eige ly, og det var alt seint på kveld. Leiken vår er tydelegvis både godt kjent og populær!
Da vi kraup ned i soveposane våre ved 22-tida heldt karane det fortsatt gåande med bygging og skravling, og i det fjerne kunne vi høyre dei taktfaste dunka frå russen på Tryvann. Ikkje akkurat nokon stille vårnatt...
Orrfuglane kom på slaget 04:10, og heldt på i fleire omgangar utover morgonen. Vi kunne telle seks orrhanar. Høgdepunktet på leiken var da ei einsleg orrhøne dukka opp blant alle dei staseleg buldrande og hissige hanane. Høna pilte rundt og granska alle kamphanane, men ingen fall visst heilt i smak, så ho vart sitjande nede i eit buskas og observere, før ho tok til vingane med uforretta sak.
Ved sjutida fann karane i nabohuken ut at nå fekk det vera nok leik, og så sto dei berre opp! Vi høyrde orrhanane buldre litt frustrert frå tretoppane på andre sida av myra. Dei ville nok gjerne spele meir, nå som det var høner her og allting. Men karane som sto og skravla høglydt med kvarandre vart nok i meste laget, og etter ganske kort tid var alle orrhanane borte. Det er tydelegvis ofte folk på denne leiken – vi får berre håpe dei fleste tar litt meir hensyn enn denne gjengen.
Om morgonen var det bål, frukost, og flott vær. Til slutt måtte vi berre spenne på oss skia og gje oss ut på heimturen.
Før vi reiste vår veg undersøkte vi myra, og ho var heilt nedtråkka av svære orrfuglføttar, og full av avrivne fjær og fugleskit. Slik finn ein spelplassar, om ein gidder å leite… Rester etter gapahukar rundt myra er også ein god peikepinn.
Damene på leiken var:
Beate, Kristin, Nina, Ragnhild og Rine
Dagen etter reiste også fire damer inn på leik. Dei såg 5 orrhanar og 1-2 høner. Referat kjem muligens...