Turreferater > Orrfuglleiken 2007
Etter å ha brukt ein del tid på å vedlikehalde gapahuken, samt at det var fleire som ikkje fekk plass på turen i fjor bestemte vi oss like godt for å arrangere to turar i år. Her følger referat frå begge turane:
I steikande solskin la fem spente turdeltakarar i veg mot leiken med fullpakka ryggsekkar. Ankerkvinna Siri hadde gått innover tidlegare på dagen for å halde av gapahuken vår. Sjølv om vi har brukt mykje tid på bygging og vedlikehald har vi ikkje einerett på dette byggverket. Det er fyrstemann til mølla som gjeld i desse traktene!
Etter ein dryg times gange kom vi opp til myra og kunne sette i gang med å koke saman den tradisjonelle kyllinggryta. Nokre damer hadde også bært med seg verdifulle dråpar med sterk væske. Denne vart fortært på andektig vis utover kvelden.
Etterkvart viste det seg at vi ikkje kom til å bli dei einaste tilskodarane til leiken. Før kvelden hadde blitt til natt hadde det poppa opp heile 3 nye gapahukar rundt myra.
Rett etter solnedgang dukka ein spelkåt orrhane opp. Brått satt han i ein tretopp på nordsida av myra og sjoa utover spelplassen før han stillferdig flaug sin veg at. Så fekk vi ein kort kveldskonsert også! Etter dette gjekk vi til ro.
Ved 03-04 tida landa den fyrste orrhanen med eit brak i ein tretopp rett ved oss. Han starta straks å sjoe for å få i gang leiken. Fleire fylgde raskt etter, og etter kort tid flaug alle hanane ned på myra og gav seg hormonane i vald. Etter kvart vart det lyst nok til at vi kunne skimte fuglane. Vi kunne telle 8-10 hanar + nokre moglege høner på leiken. Dette er eit ganske bra antal på ein leik i desse traktene. Vi var etter alt å døme i høneveka, så intensiteten på leiken var topp. Det var mykje sjoing, baksing og jaging nede på myra. Etter ei stund dabba det heile av, og vi la oss tilbake i soveposane for å vente på neste omgang – solspelet. Orrfuglane kjem nemleg ofte tilbake til spelplassen fleire gongar i løpet av morgonen og tar opp igjen leiken. Og etter ei stund kom dei fleste av orrhanane tilbake, men dei vart sitjande å boble frå tretoppane. Da sola sto opp, og hanane fortsatt ikkje hadde våga seg ned på myra forsto vi at det ikkje kom nokon annan omgang i dag. Underteikna la seg halvskuffa tilbake i posen for å sova – det var jo fyrst nå det var lyst nok til å fotografere…
Da vi sto opp nokre timar seinare diskuterte vi årsaka til at solspelet aldri kom i gang denne morgonen. Den mest opplagte årsaka var nok antalet tilskodarar. Heile fire gapahukar var spreidd rundt leiken denne natta, og ikkje alle var like heldige med å kamuflere seg… Kva nyttar det å lage fin gapahuk med barkvistar både i taket og i sidene når ein plasserar dei knall raude ryggsekkane i fronten av huken, svært så synleg frå leiken? Orrfuglen er skvetten nok til å bli skremt når han ser nye detaljer i landskapet, eller enda verre: folk. Så lenge det var halvmørkt ensa ikkje orrfuglane alle tilskodarane, men så snart det vart heilt lyst har dei nok merka eit eller anna og blitt mistenksame.
Uansett hadde vi ein fin tur, og lyd- og synsinntrykk og intensiteten på spelet i grålysninga var aldeles upåklageleg.
Gapahukdamene var: Iwona, Linda, Rine, Silje, Siri og Susanne
Vi møttes i skogen i litt grått og småkjølig vær lørdag 05. mai. Alle fikk dandert seg fint i huken, det var god plass til alle 7. Med litt omorganisering av granbar etc, fikk alle et fint leie. Middag på gassbluss ble det etter hvert som alle hadde kommet fram (noen brukte ettermiddagen til kjentmannsposter etc). Etter middag med nogo attåt, ble det en lystig stemning i huken. En spontan håndbakkonkurranse var plutselig i gang, til fornøyelse for deltakere og tilskuere :-) Også armhevninger ble det konkurrert i. Da reglene ikke var definert på forhånd, ble det ikke kåret noen mester.
Utpå kvelden fikk vi "gjester" på myra: 4 unge damer slo seg ned i en liten huk på en høyde noen meter unna. De hadde også dandert et yttertelt (tunneltelt) som en huk, en idé vi synes var lur.
Da mørket senket seg krabbet lt-damene ned i posene på rekke og rad. Og huken ble kamuflert med nett og kvister etter alle kunstens regler. Og så... "tsjuish" på slaget 04.00. Orrhanene var i rute den natten også. Minst 6 haner, kanskje flere. Full fart på myra i to timer. Flaksing, ypping, lyd og kamp! Alle damer våkne og på plass med kikkert i nattemørket/grålysningen. Litt vanskelig var det å se, da det var ganske tåkete og fuktig i lufta over myra. Men masse lyd og liv! Spill på store deler av myra og litt i trærne. Vi så ingen høner, men hvem vet hva som kan ha skjult seg i ytterkantene på myra, borte i tåka...
På slaget 6 reiste alle fuglene til skogs og borte ble de. Damene i huken sov 2-3 timer før frokost. Etter frokost dro noen hjem, mens andre benyttet dagen i skogen for å ta kjentmannsposter eller poster på Stifinneren. Alt i alt en fin opplevelse og hyggelig tur!
De som var med: Siv, Nina, Kari, Eva Dagrun, Ragnhild, Anita og Jorun (referent)