Turprogram > Tur til Dovrefjell

Neste tur:

Sopptur og soppmiddag
10. september
Les mer

Forumet

Lesbisk Turlags oppslagstavle og diskusjonsarena:

Til forumets hovedside

Tur til Dovrefjell med Snøhetta og moskussafari!

I haust tar Lesbisk Turlag turen til Dovrefjell. Dovrefjell er kjent for sin rike flora, varierte fugleliv, moskus og ikkje minst Snøhetta – Noregs høgaste fjellmassiv utanom Jotunheimen. Vi skal liggje på DNTs sjølvbetjente hytte Reinheim og ta dagsturar i området, bl.a opp på toppen av Snøhetta (om veret tillet det). I tillegg kan dei som ynskjer det vera med på moskussafari. Turen gjeng i tidsrommet onsdag 11. – sundag 15. august.

Hytta vi skal liggje på, Reinheim, ligg i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Reinheim er ei sjølvbetjent hytte, dvs at det ikkje er nokon betjening, men det er mogleg å kjøpe enkel proviant på hytta. Hytta har 36 sengeplassar.

Snøhetta ragar 2286 moh, og ligg ikkje langt unna Reinheim. Dette er det flottaste og mest dramatiske området i Dovrefjell, med store botnar og steile bergveggar. Turen opp på toppen er bratt og hard. Ein bør berekne ca 5 timar opp, og 3 timar ned igjen.

Vi har tenkt å kombinere innmarsjen til Reinheim med moskussafari. Firmaet Moskus-safari arrangerar moskussafari kvar dag på denne tida, og vi har tenkt å bli med dei. Guiden vil i tillegg til å finne moskus for oss også snakke om plante- og dyrelivet i området. Prisen pr pers er kr 310,-.

Opplegget

  • Onsdag: Vi køyrer i felles bilar på ettermiddagen opp til Hjerkinn Fjellstue, der vi overnattar på 3-5 sengsrom. Prisen er kr 250,- pr natt + evt. Kr 90,- for frokost.
  • Torsdag: Vi køyrer opp til Kongsvoll eller Snøheim, litt avhengig av kven som skal vera med på moskussafari og kor moskusen står den dagen. Dei som skal vera med på safari må vera på Kongsvoll stasjon kl 10. Om safarien gjeng i retning av Reinheim kombinerar vi denne med innfarten til hytta. Turen frå Kongsvoll til Reinheim tar ca 5 timar. Om safarien ikkje gjeng i retning av Reinheim kan vi etter safarien køyre til Snøheim og gå inn. Dei som ikkje skal vera med på moskussafari og vil ha ein kort innfart til Reinheim kan også gjera dette. Da er det ca 2 timar å gå. OBS! Vi har ingen garanti for at denne vegen er open når vi er der.
  • Fredag og laurdag: Brukast til turar med utgangspunkt frå Reinheim. Om veret er ok brukar vi den eine dagen til å bestige Snøhettamassivet.
  • Sundag: Vi gjeng tilbake til bilane og køyrer heim.

Om nokon ynskjer å komme opp torsdag eller fredag er dette fullt mogleg, men ein må da sjølv ta ansvar for å komme seg inn til Reinheim. Det gjeng tog frå Oslo til Kongsvoll. Sidan turen krev ein del planlegging og organisering med felles køyring er det påmelding. Send påmelding til kari.petersen@kp.no innan 15. juni. Maks antall deltakarar er 14. Fyrstemann til mølla… Oppgje om:

  • du køyrer eigen bil, og kor mange du har plass til i bilen
  • du vil vera med på moskussafari

Om du har spørsmål om turen kan du ta kontakt med Monika (tlf. 995 05 829) eller Rine (tlf. 906 53 358).

Nivå

Middels hard tur. I tilfelle vegen inn til Snøheim er stengt må alle vera i stand til å gå frå Kongsvoll til Reinheim med sekk, ein tur berekna å ta ca 5 timar.

Utstyr

Ta med utstyr som til ein hytte-til-hytte tur. DNT har laga generell pakkliste for slike turar. Bruk gjerne denne som utgangspunkt om du er usikker.

Velkomen til tur i Dovrefjell!

Til toppen