Arkiv

  • 27. jun. 2011

    Fredag under Skeive dager var LT invitert til Reiseradioen på NRK. Vil du høre innslaget?

  • 23. jun. 2011

    Laurdag stiller Lesbisk Turlag opp i Paraden under Skeive Dager, og som vanleg under slagordet "For kvinner som går litt lenger". Årets parade startar kl 13 frå Platous gate. Bli med oss og vis at vi er mange blide, spreke turdamer! Les meir om LTs paradetur her.

    Siste: LT deltar i Reiseradioen fredag 24. juni! NRK P1 fra kl. 9.05

  • 08. apr. 2011

    Da har vi endeleg fått lagt ut alle turreferata frå tidlegare turar. Frå den fyrste turen vår "Lesbisk Turlags offisielle åpningstur! " 18. januar 2004 og fram til i dag, har vi vore på nærare 100 turar, og vi har tekst og bilder frå samtlege av dei! Ta gjerne ein "tur" i turreferata våre.

  • 11. des. 2010

    Som de ser har websida til Lesbisk Turlag endra utsjånad. Websida har det same innhaldet som tidlegare, men har fått litt ny funksjonalitet. Vi har fått søkefelt på sida, slik at alle kan søke etter innhald på sidene våre. Alt innhald har også fått stikkord med klikkbare lenker. Det er nå mogleg å kommentere innhald. Sist, men ikkje minst har vi fått ein fyldigare ”Om oss”-del, der ein blant anna kan finne skrivetips for referatskriving.